- Elektro og datateknologi
- Påbygging til generell studiekompetanse
- Studiespesialisering
- Teknologi- og industrifag
- Vaksenopplæring

Velkommen til skulen vår
Inst i Sognefjorden, blant dalar og høge fjell, ligg nasjonalparkkommunen Årdal. Her finn du Årdal vidaregåande skule, som i dag har 155 elevar og kring 40 tilsette. Du vil finne informasjon om skulen og utdanningsprogram, både her på heimesida og i brosjyren vår.
Meiropplæring i fag frå vidaregåande skule
Dersom du har gjennomført opplæring og fått karakteren 1 eller IV i eit eller fleire fag, kan du har rett til meir opplæring i faget. Opplæringa skal føre fram mot ein ny standpunktkarakter. Dersom du ønskjer meir opplæring skuleåret 26/27, må du melde frå til oss innan 1. juli.
Skal du starte på Årdal vgs til hausten og treng ein plass å bu?
Miljøkoordinator på Årdal vgs har god kjennskap til leigemarknaden i Årdal og ønskjer å hjelpe alle som skal starte på Årdal vgs til hausten og treng ein plass å bu.Aktuelle saker
Frå Årdal til Berlin - 3STA på tur!
Etter månadar med dugnad og innsamlingsarbeid kunne endeleg 27 elevar frå 3STA setje kursen mot Berlin. Med både sosialt samvær, historiske opplevingar og mange nye inntrykk, har turen allereie gitt klassen minner dei seint vil gløyme.

Foreldremøte for VG1 Studie og alle VG2
Me ønskjer føresette velkomne til informasjonsmøte ved Årdal vidaregåande skule torsdag 03.09.2026 kl. 18.00. Det blir ei felles økt i kantina med generell informasjon, deretter møter de kontaktlærarane i klasserommet.

Foreldremøte for VG1 yrkesfag
Me ønskjer føresette velkomne til informasjonsmøte ved Årdal vidaregåande skule torsdag 27.08.2026 kl. 18.00. Det blir ei felles økt i kantina med generell informasjon, deretter møter de kontaktlærarane i klasserommet.

