Hopp til hovedinnhold

Utplassering i Emmen

To av elevane som var på utplassering står i oransje arbeidsklede framfor eit stort køyretøy. På køyretøyet er logoen til WSG, firmaet dei var på utplassering hjå.

I april hadde vi seks elevar på utplassering i Emmen i Nederland i to veker. Turen blei finansiert via Erasmus+ som er verdas største utdanningsprogram. Denne gongen var det elevar frå vg2 automasjon, industriteknologi og kjemiprosess- og laboratoriefaget som fekk reise.

Ved å delta i Erasmus+ programmet ønskjer skulen å gje elevane interkulturell og internasjonal kompetanse og erfaring. Før vi bestemde oss for kven som fekk delta måtte elevane sende inn ein søknad for å fortelje kva som motiverte dei til å bli med. Deretter gjennomførte vi intervju med kvar enkelt, før det blei beslutta kven som fekk reise. Vi blei imponert over alle saman og tykkte dei tok utfordringa på strak arm. Vi skulle sjølvsagt ønskje at vi kunne sendt av garde alle saman, men hadde kun fått innvilga midlar til å sende seks elevar. Vi enda difor opp med å plukke ut seks kandidatar som vi følte oss trygge på at ville representere Noreg, skulen vår og Erasmus+ på ein god måte. 

Kjemiprosess- og laboratoriefag hjå WSG

Gjennom nettverket vårt i Erasmus+ kom vi i kontakt med to bedrifter som ville ta i mot elevane våre. Dei to elevane frå kjemiprosess- og laboratoriefaget var hjå WSG - Well Services Group. Dette er ei bedrift som utfører service og veldikehald av olje- og gassbrønnar, både on- og offshore. 

Syver og Kristian jobba nokre dagar kvar på ulike stasjonar. På Work shop jobba dei med reparasjon og testing av utstyr, pumpebilar, injektormodular, ulike pumpemodular og satt i kontrollrom. I Test shop jobba dei med trykktesting av røyr og anna utstyr, vedlikehald av swivels (røyrbend med svingledd) og vedlikehald av BOP (blow out protection).

I løpet av opphaldet fekk dei jobbe både sjølvstendig og saman med tilsette i WSG. Syver og Kristian opplevde at dei blei godt ivaretekne og seier at dei tilsette var imøtekommande og flinke til å delegere oppgåver til elevane. Elevane blei ein del av ein gjeng som verka å ha det kjekt på jobb og dei opplevde arbeidsmiljøet som inkluderande.

 

Industriteknologi og automasjon hjå repak

Martin og Mari frå automasjon og Kristian og Rene frå industriteknologi var utplassert hjå Repak og hadde fått skreddarsydd eit prosjekt som dei skulle jobbe med medan dei var der. Repak er ei bedrift som er spesialisert på design og konstruksjon av termoformande pakkemaskiner som blir nytta til emballasje i til dømes matindustrien. Elevane fekk eige kontor og arbeidsstasjon. Oppgåva dei fekk var å lage ein prototype på ein av mange prosessar i maskinene, der dei ved hjelp av trykkluft skulle løfte og senke ei flate. Dette skulle simulere forminga av emballasjen.

Elevane frå automasjon fekk ansvar for programmering og oppkopling. Her måtte dei blant anna sette seg inn i eit nytt program for programmering, gjere research, lage teikningar for å dokumentere prosessen og nytte dokumentasjonen til Repak for å kople riktig.

Elevane frå industriteknologi tok seg av det mekaniske og pneumatikken. Dei installerte ei komponentplate i styreskapet, laga og installerte dør med skjerm, designa og 3d printa ulike deler, kopla pneumatikk og installerte knappar.

 
Sosialt og nye vener

Dei seks elevane vi sende av garde budde alle saman i èin leigeleilighet. Dette gjorde at dei var mykje saman og blei godt kjend på tvers av klassane. På fritida var dei blant anna på bowling, køyrde gokart, var på fotballkamp og shopping. Dei tok seg også ein helgetur til Amsterdam.

 
Ny sjanse komande skuleår

Alle elevane har gitt oss positive tilbakemeldingar på sin erfaring med å delta i erasmus+ Programmet. I tillegg til å oppleve eit anna land fekk dei eit innblikk i arbeidskulturen i Nederland, god trening i å kommunisere på engelsk fagspråk, å jobbe både sjølvstendig og i team med tildelte arbeidsoppgåver og  å bu saman med og bli kjend med nye folk. 

Vi tykkjer dette er ein spanande og givande moglegheit for elevane våre og har eit ønskje om å sende av garde ein ny gjeng det komande skuleåret. Kanskje blir det du som får moglegheita denne gongen?