Hopp til hovedinnhold

Prisdryss på AlphaMekk UB i Førde

Gjengen i AlphaMekk UB blir feira i kantina på skulen.

«Bedriften har kombinert solid fagkunnskap med kreativitet og høy kvalitet. De har utviklet en innovativ løsning som dekker et reelt behov, jobbet godt som team, og vist evne til å løse utfordringer effektivt underveis i produktutviklingen. Resultatet er et ferdig produkt av høy kvalitet.»

Dette var grunngjevinga til juryen som kåra Alphamekk UB med produktet "veatjuven" til årets ungdomsbedrift i Sogn og Fjordane under Fylkesmeisterskapet for ungdomsbedrifter. Elevane frå vg2 industriteknologi på Årdal vgs, har utvikla og produsert ein vedkløyvar med slagordet "No kan alle kløyve ved". Det er ein liten og hendig vedkløyvar som også er stilig å sjå på. 

Mykje jobb som resluterte i prisdryss

Om vi er stolte? Gjett om! Gjennom heile skuleåret har elevane, saman med lærarane Knut Bordal og Joacim Styve, jobba iherdig med elevbedrifta AlphaMekk UB. Frå å utvikle produktet, lage prototype, gjere justeringar og ende opp med det ferdige produktet "veatjuven", til å drive marknadsføring, ha dialog med kundar og ikkje minst full produksjon på verkstaden her på Årdal vgs. Mange timar har blitt lagt ned og det er difor ekstra kjekt å sjå at dei blir belønna med heile fem prisar under årets Fylkesmeisterskap: 1. plass i kategoriane beste stand, innovasjon, beste yrkesfaglege bedrift og 2. plass i kategorien beste videopitch. I tillegg til dette gjekk dei altså av med seieren i den gjevaste kategorien av dei alle - årets beste ungdomsbedrift i Sogn og Fjordane!

 

Klare for NM for ungdomsbedrifter i Lillestrøm

Stort betre enn dette kunne det vel ikkje ha gått, og no er gjengen i AlphaMekk UB klare til å pakke med seg veatjuven og delta på Norgesmesterskapet for ungdomsbedrifter i Lillestrøm 24. og 25. april. Her vil det nok bli hard konkurranse når dei beste ungdomsbedriftene frå heile landet skal konkurrera om seieren. Vi gledar oss og kryssar fingrane for at AlphaMekk UB kan løfte pokalen over hovudet og bli Noreg si beste ungomdsbedrift!