Som elev i vidaregåande skule får du låne alle lærebøkene du treng. Lærebøker er dyrt og du som elev må difor signere ein lånekontrakt der du forpliktar deg til å ta godt vare på dei og levere dei inn igjen i god stand.
Bøkene blir utlevert ved skulestart. Alle bøkene du får tildelt er registrert på deg personleg. Det vil seie at dei bøkene du får utlevert er dei du må levere tilbake når skuleåret er slutt. Det fyste du må gjere er difor å skrive namnet ditt i permen på alle bøkene du får utdelt. På denne måten vil det vere enklare å halde styr på bøkene dine og om ei bok er forlagt vil det vere enkelt å finne ut kven den høyrer til.
Den tida du låner bøkene er du ansvarleg for å ta vare på dei. Oppbevar bøkene i skapet eller sekken din og sørg for at dei ikkje blir skitne eller fuktige. Skulen krevjer erstatning for tapte bøker, og om dei er skada ut over normal slitasje.
Lånekontrakten er utforma til generell bruk av Vestland fylkeskommune og det vil difor ikkje vere alle punkta som er relevant for deg personleg. Når kontrakten er signert vil den bli arkivert i di elektroniske elevmappe.