Den fyrste spiren til eit skuletilbod utover grunnskulenivå var lærlingskulen på Årdalstangen og i Øvre Årdal. Denne skulen kom i gang midt i 1950-åra og undervisninga gjekk føre seg på kveldstid.
Hausten 1965 vart Årdal Yrkesskule for handels- og kontorfag starta, med lokale i Farnes gamle barneskule.
Hausten 1967 kom Årdal Gymnasklassar i gang. Administrativt låg klassane under Sogndal gymnas. Det var ein klasse på real-linja og ein klasse på engelsk-linja. Undervisningslokala låg i ulike bygningar, noko som var lite praktisk.
Same hausten kom og Elementærlinja i husstell, som var knytt til Hafslo husstellskule. Frå 1977 vart denne klassen administrert av rektor på handelsskulen.
I 1971 sette Årdal kommune ned ei plannemnd til oppføring av ein felles vidaregåande skule. Ideen var å skapa ein kombinert skule for heile kull frå alderen 16 til 19 år Denne nemnda var i arbeid til hausten 1974.
Men dei klassane som alt var komne i gang, skulle helst ha tak over hovudet i mellomtida. Løysinga vart å sette opp eit mellombels Moelven-bygg med 6 klasserom, den såkalla «gymnaspaviljongen». Denne vart teken i bruk i 1972.
I 1979 fekk vi grunnkurs i kokk/servitør/husstellfag. Dei førte eit omflakkande liv med all teoriundervisning på handelsskulen , medan den praktiske opplæringa dels gjekk føre seg på ungdomsskulen og dels på Farnes barneskule, der husstellskulen heile tida hadde vore.
I januar 1977 vart det så nedsett ei fylkeskommunal plan og byggjenemnd.
Hausten 1979 tok arbeidet i marka til.
I august 1981 vart nybygget teke i bruk. Mykje var enno uferdig, særleg på verkstadavdelingane . Så elevar og lærarar side ved side med handverkarar måtte til for å fullføre verket.
I september 1982 tok så ombygginga av gymnaspaviljongen til. Elevar og lærarar på bygningslinja gjorde det meste av tømrar- og snikkararbeidet. Resultatet vart ei romsleg og tidshøveleg bygg for husstellundervisninga.
Den 10.juni 1983 vart Årdal vidaregåande skule offisielt vigsla.
Etter den tid har klassetala variert mykje og det same har elevtalet.