Open dør
På skulen vår ynskjer vi å ha ein god dialog med elevane våre og du er difor alltid velkommen inn til oss i administrasjonen. Sjølv om vi følgjer "open dør" prinsippet, kan du risikere å komme til ei lukka dør. Då er det fordi vedkommande sit opptatt og du må prøve igjen på eit seinare tidspunkt. Hastar det kan du henvende deg i ekspedisjonen, så skal vi hjelpe deg.