Hopp til hovedinnhold

Vaksenopplæring

Tre elevar frå kjemiprosess- og laboratoriefag som jobbar med å betjene ei maskin.

Dersom du er over 19 år og ikkje har fullført vidaregåande utdanning før, har du rett til vaksenopplæring og kan få tilbod om gratis opplæring. Andre kan også søkje og kan få tilbod om opplæring dersom det er ledige plassar.

Vaksenopplæring i Vestland

Vestland fylke gir tilbod om gratis vidaregåande opplæring for vaksne. Utdanninga kan føre fram til fagbrev, yrkes- eller studiekompetanse. Du kan også få realkompetansevurdering og studierettleiing hos oss. Alle tenester er gratis for deg med vaksenrett.

Vaksenopplæring på Årdal vidaregåande skule

Lurer du på noko?

Dersom du har spørsmål kring vaksenopplæringsklassen på Årdal vgs kan du ta kontakt med rektor.